nordfjord akademiet-2

Andreas har funne draumejobben heime i Stryn!

Andreas 2

Andreas Roset er automatikklærling hos Vendanor.  Foto : privat

I Nordfjord kan ein finne draumejobben!🤩

 

Andreas Roset (19) frå Stryn var, slik som mange andre, usikker på kva retning han skulle gå vidare etter han vart ferdig med ungdomsskulen. Men eit samarbeidsprosjekt med automasjonsfirmaet Vendanor i 10. klasse gjorde han spesielt interessert i elektrofaget.

- Interessa mi for denne retninga begynte i 10. klasse da vi hadde eit samarbeid med Vendanor i valfaget «teknologi i praksis». Dette samarbeidet gjekk ut på at vi skulle finne opp vår eigen automat, noko eg syns var veldig kjekt.

Andreas 3

Vendanor er eit teknologiutviklings- og produksjonsselskap med hovudkontor i Stryn, som blant anna produsera propan- og spylervæskeautomatar.

Etter Andreas fekk vere med på å finne opp sin eigen automat, vaks interessa for automasjon hos han, og han blei faktisk så interessert i automasjon at han søkte om sommarjobb hos Vendanor den sommaren.

Andreas bestemte seg også for å søke seg inn på elektrofag på Nordfjordeid Vidaregåande skule.

- Eg hadde bestemt meg for at det var elektrolinja eg ville gå, og pendla derfor til Nordfjordeid kvar vekedag i tre år. Eter ein er ferdig med det første året på elektro veljar ein kva retning ein vil spesialisere seg i vidare. Og da hamna valet mitt på automasjon.

Etter Andreas hadde jobba hos Vendanor ei stund, og i tillegg til å ha vore utplassert der fekk han også tilbod om å ha lærlingplassen sin hos dei.

- Eg såg på litt ulike alternativ på lærlingplassar, men fant fort ut at Vendanor passa best for meg.

Andreas 5

Og no er han automatikklærling hos Vendanor.

- Det er ein utfordrande, men samtidig veldig kjekk arbeidsplass. I Vendanor er ingen dagar like, og eg får lov til å vere med på mykje ulike og interessante prosjekt.

På verkstaden, der Andreas jobbar, er dei tre fast tilsette.

 

- Eg likar godt at vi berre er tre, fordi eg føler at eg får meir ansvar som lærling da. Ofte er det jo sånn at lærlingane kanskje «forsvinn» litt på arbeidsplassen sin, men her er det tvert om for meg!

Andreas er og veldig takknemleg for å ha fått lærlingplass i Stryn.

- Eg er veldig glad for at eg kan jobbe og bu her i Stryn, i staden for å måtte bu på hybel ein anna plass. Eg trivast veldig godt i Stryn. Her er det mykje kjekt å gjere, i tillegg til at eg har eit stort nettverk her!

nordfjord-alumni

Nordfjord Alumni

Er du nysgjerrig på kva som skjer i Nordfjord?

Nordfjord Alumni er eit medlemskap for deg som gjerne vil bli oppdatert på næringslivet i Nordfjord og dermed halde moglegheitene opne sjølv om du kanskje ikkje bur her akkurat no.

Les meir her

ledige-stillingar

Ledige stillingar i Nordfjord

På utkikk etter jobb i Nordfjord?

Vi har samla alle utlyste stillingar og våre medlemsbedrifter sine ledige stillingar

Les meir her

heia-nordfjord

Vi heiar på Nordfjord

Lyst å følge med på kva som skjer i Nordfjord?

Følg oss på Heia Nordfjord

Les meir her