nordfjord akademiet-2

Eirik sikra seg relevant jobb heime i Nordfjord før han var ferdig med masteren! 

Eirik i resepsjonen[5337]-1
Eirik Lødemel frå Hornindal sikra seg draumejobben i Stryn medan han skreiv masteroppgåva. 

I Nordfjord kan ein finne draumejobben!🤩

 

Medan Eirik Lødemel (26) frå Hornindal studerte siste semester av mastergraden sin kom han tilfeldigvis over ei stillingsannonse der PwC søkte nyutdanna til fleire av kontora i PwC-Nordvest som fanga interessa hans med ein gong.

- Eg hadde i utganspunktet ikkje planar om å flytte heim til Nordfjord med ein gong etter enda utdanning, men eg tenkte at dette var ei unik karrieremoglegheit i Nordfjord som eg ikkje ville la gå ifrå meg.

Under sjølve rekrutteringsprosessen følte det som ein god «match» , og Eirik var dermed ikkje i tvil da jobbtilbodet kom på bordet.

- Det var også veldig fint å ha sikra jobb eit halvår før oppstart, slik at eg fekk fokusere på innspurten av mastergraden utan å måtte tenkje på å finne ein jobb samtidig.

Han har alltid vore heimkjær, og hadde nok rekna med å ende opp i heimtraktene ein eller annan gong.

- Sjølv om returen til Hornindal skjedde litt tidlegare enn eg sjølv hadde forventa, har eg ikkje angra på valet mitt!Utendørs[5336]

Eirik har ein Bachelor i Økonomi og Administrasjon frå Handelshøyskolen BI i Bergen. Og etter han var ferdig med bacheloren gjekk vegen vidare til Edinburgh for å ta master i MSc. Finance and Management på Edinburgh Business Scholl, Heriot Watt University.

- I PwC jobbar eg som Associate innanfor revisjon. Det går mellom anna ut på å kontrollere at finansiell informasjon og årsrekneskap er utført korrekt i henhold til gjeldande lover og regler. Så det er ein veldig relevant jobb i forhold til utdanninga mi.

Det har vore ei bratt læringskurve.

- Det er ein stor overgang å gå frå å være student og rett inn i ny jobb. Men det som er så fint med ein så bratt læringskurve er at ein sit igjen med stort læringsutbytte og gode erfaringar etter kort tid i jobben.

Eirik trivast godt med å jobbe i PwC. Og nokre av det han likar aller best er at ein bidrar til å skape tillit i marknadar og i samfunnet forøven.

- I tillegg til det å vere ein viktig støttespelar for aktørar i næringslivet lokalt og nasjonalt, sjølvsagt.

Han meina det er utelukka positivt å jobbe på eit kontor i distriktet.

- Det er mange fordelar ved å jobbe på Strynekontoret. Kontra eit storby-kontor så får ein gjerne meir ansvar, har større innflytelse på slutningar og kan ta del i eit breiare spekter av oppgåver og prosessar. Og om ein viser initiativ og innsats – er moglegheitene mange.

Og enda ein positiv fordel med å jobbe på Strynekontoret no er at dei nyleg har flytta inn i nyoppussa lokale midt i sentrum.

- Lokala er blitt veldig fine. Vi har oppgradert alt av kontorfasilitetar, fått eiga kantine og flotte møterom til å ta imot kundane våre i. Alle møteromma har fått landskapsnamn, så her har vi møter i Elvebrus, Isbre og Fjordarm.

Resepsjonen - kontora i PwC-Nordvest[5338]

  - Og i tillegg synes eg at vi har vi fått ein skikkeleg stilig resepsjon, legg han til.

PwC i Stryn er, i følgje Eirik, alltid på jakt etter nye, flinke folk. Og her behøver ein ikkje å ha ein «spesiell» type utdanning for å få jobb.

- Vi har veldig variert bakgrunn vi som jobbar i PwC, og slik er det også på kontoret her i Stryn. Her er det folk med bakgrunn som politi og journalist, her er statsvitarar og økonomar. Vi søkjer etter personar som har erfaring frå både offentleg og privat sektor, og erfarne og nyutdanna er velkomne hjå oss.

Så om du vurdera å søke på jobb hos PwC Stryn har Eirik ein oppfordring til deg.

- Eg kan utvilsomt anbefale å søke på jobb i Pwc! Her får ein tett oppfølging av eigen fadder og Career Coach. Vidareutvikling av tilsette står i fokus, med kontinuerleg påfyll av relevant kursing og moglegheiter for vidareutdanning – noko som eg ser på som framståande. Kontora i PwC-Nordvest har ei sterk lokal forankring, samstundes som at ein har eit kompetansehus av nasjonal og global tyngre i ryggen.

 

 

nordfjord-alumni

Nordfjord Alumni

Er du nysgjerrig på kva som skjer i Nordfjord?

Nordfjord Alumni er eit medlemskap for deg som gjerne vil bli oppdatert på næringslivet i Nordfjord og dermed halde moglegheitene opne sjølv om du kanskje ikkje bur her akkurat no.

Les meir her

ledige-stillingar

Ledige stillingar i Nordfjord

På utkikk etter jobb i Nordfjord?

Vi har samla alle utlyste stillingar og våre medlemsbedrifter sine ledige stillingar

Les meir her

heia-nordfjord

Vi heiar på Nordfjord

Lyst å følge med på kva som skjer i Nordfjord?

Følg oss på Heia Nordfjord

Les meir her