Canva Design DAEu403qGqw

Vil du kombinere ein spanande jobb med det gode liv i Stryn?

Hydlaparken i Stryn søker no etter dagleg leiar

Her får du ein gjeng dyktige, sosiale og kompetente medarbeiderar i ryggen medan du får vere med å utvikle eit høgt sukksessfullt konsept. Er du klar for å jobbe i Nordfjords råaste klartepark omgitt av natur i verdensklasse? Då er Hydla klar for å møte deg!

Om selskapet:

Hydlaparken går i 2022 inn i sitt fjerde driftsår som einaste tilbydar av klatrepark i regionen, og har fram til no hatt rundt 10 000 besøkande kvart år. Klatreparken inneheld sju klatreløyper med ulik vanskegrad, gapahuk, leikeplass og asfaltert pumptrack. I tillegg har vi den siste sesongen utvikla historia om Ekornet Hydle som har sitt eige skodespel i høgsesongen.

I tilknyting til klatreparken har vi eit nytt og påkosta servicebygg som vi kallar Hydlastova. Her har vi eit industrikjøkken, bar, konferanserom, festlokale/restaurant med over 60 sitjeplassar, samt toalett- og dusjfasilitetar. Moglegheitene for vidare utvikling av Hydlastova er mange, og her vil den nye daglege leiaren ha stor påverknadskraft i konseptutviklinga.

Hydlaparken har ambisjonar om å utvide sitt tilbod av aktivitetar, både i Hydlastova og klatreparken, auke besøkstalet, utvikle overnattingskonsept m.m. Med Hydlaparken og Hydlastova si plassering i flott natur, i ein av dei største reiselivskommunane på Vestlandet, ligg alt til rette for å få til dette.

Ansvarsområder

Vekting mellom ansvarsområda for denne stillinga kan tilpassast den enkelte søkar sin kompetanse, og kandidaten vil i sitt arbeid samarbeide med eit aktivt styre. Tryggleik og god kundeservice for dei besøkande er vår viktigaste prioritet.

  • Tryggleik i klatreparken og HMS-ansvar
  • Bemanning og opplæring av tilsette
  • Marknadsføring og salg
  • Vidareutvikling av konsept i klatreparken og Hydlastova
  • Kontaktpunkt mot nye og eksisterande samarbeidspartnarar og kundar
  • Mottak av besøkande i klatreparken (parksjef) og Hydlastova
  • Drift av Hydlastova, inkludert innkjøpsansvar

Formell kompetanse og personlege eigenskapar:

Formell kompetanse er ikkje avgjerande, og vi er opne for kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring. Framhev gjerne dei områda du sit med spisskompetanse på, og som kan bidra i Hydlaparken si vidare utvikling. Vår nye daglege leiar skal samarbeide med eit aktivt styre som kan utfylle din kompetanse. Uavhengig av formell kompetanse treng du desse eigenskapane:

  • Du har eit brennande ønske om å skape aktivitet
  • Du er god på (digital) marknadsføring (eller ser viktigheita av dette og ønsker å lære meir)
  • Du ser verdien og gleda i nettverksbygging og å skape gode relasjonar med samarbeidspartnarar og kundar
  • Du er kreativ, evner å tenke nytt og identifiserer forbetringsområder i drifta
  • Du er sjølvstendig og likar ansvar
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er svolten på å tileigne deg ny kunnskap og erfaring, og ivrar etter å vidareutvikle Hydlaparken og Hydlastova

Fordeler på arbeidsplassen:

Hydlaparken og Hydlastova ligg ca. 10 min køyring frå Stryn sentrum, midt i smørauget av det beste landet kan by på av preparerte skiløyper, og med moglegheiter for toppturar på ski, til fots og på sykkel. I og med at stillinga byr på stor grad av fleksibilitet er dette tilgjengeleg heile året for den som ønsker. Heimekontor eller kontorplass i Stryn sentrum er mogleg å få til dersom ønskeleg.

  • Fleksitid!!
  • Heimkontor/ kontorplass etter ønskje

Vilkår:

Hydlaparken AS vil tilby konkurransedyktig løn og vilkår. Styret i Hydlaparken har tru på at dagleg leiar blir motivert av å skape resultat og kan bli tilbydt moglegheit for å gå inn som likeverdig aksjonær i selskapet.

Søknadsfrist: 21.11.21

Send søknad og CV til post@hydlaparken.no.

Vi behandlar innkomne søknader løpende.

 Kontaktperson

Ved spørsmål om stillinga, kontakt Øystein Hesjedal, tlf.: 905 06 157

 

nordfjord-alumni

Nordfjord Alumni

Er du nysgjerrig på kva som skjer i Nordfjord?

Nordfjord Alumni er eit medlemskap for deg som gjerne vil bli oppdatert på næringslivet i Nordfjord og dermed halde moglegheitene opne sjølv om du kanskje ikkje bur her akkurat no.

Les meir her

ledige-stillingar

Ledige stillingar i Nordfjord

På utkikk etter jobb i Nordfjord?

Vi har samla alle utlyste stillingar og våre medlemsbedrifter sine ledige stillingar

Les meir her

heia-nordfjord

Vi heiar på Nordfjord

Lyst å følge med på kva som skjer i Nordfjord?

Følg oss på Heia Nordfjord

Les meir her